| Rolleivstadvatn, 17. august 2011 Hei! Turen i går kveld var ein av dei aller finaste i ein nydeleg augustkveld. Me fekk låne nykel slik at me køyrde inn i enden av Rolleivstadvatn. Fylgde tydeleg sti innover mot Dromslitjønn. Mykje flotte svaberg å fylgje vidare mot Sandvatn. Lyngen har fortsatt flotte fargar og god honningduft. Må innrømme at me prøva fiskelukka då me kom til Sandvatn, men det vart med eit napp . . . Tok turen burtom til Løe-støylen. Den låg så flott i kveldsola. Neal bada som vanleg, me hadde laga opp litt varme for han. På veg ned att kom me forbi ein spesiell tyristuvi. Det var eit nydeleg mønster på den som mest likna på skinn. Synd at det bare var 7 pers som blei med ein slik fin kveld. Turhelsing og foto frå Gunhild |
| Firkanta fuglehol. |
| Tyri som såg ut som skinn. |
| Flott kveld i nydelig natur. |
| Flott gjeng som gjer turen heilt spesiell, denne gangen også. |
| Klongvev fotografert med brok som bakgrunn. |
| Bortom Løestøylen som snarest . . . |
| . . . der den låg badet i kveldsola. |
| Neal har tråkket i noe han ikkje burde ha gjort, men det var heldigvis søle og ikkje lo . . . |
| Fiske og fotvask i Sandvatn gjorde susen. |
| Silhuetten burde nesten være logo for toppturane. |