|
Pinsepadling 2011
Hei!
Sender ein rapport frå ei fantastisk Pinse feira med kajakktur i
Straumsfjorden. Fyrst trena me inne i bassenget med velting og redning.
Laurdag morgon køyrde me over til Valle og møtte Tommy som vart med oss heile turen. Det han ikkje kunne om kajakkar, padling, teknikkar m.m det var vel ikkje verdt å vite. Me fant ein utruleg flott plass om lag midt på Straumsfjorden. Her var det både sandstrånd, flotte berg og flott solgang! Fekk eindel småfiskar der.
Nokre tok den 4 km lange turen til den flotte mura dammen. Den var imponerande med den flotte lange muren og den mekaniske damluke-opnaren.
Sondagen for me nordover og sikta oss inn mot Kongens Gruve. Denne var lett å finne på høgdedraget i nordenden av Stavvatn. For oss som er litt over middels interessera i stein ver det eit enormt syn. Den eine steinen var flottare enn den andre. Det var også rissa inn bokstavar der og årstali 1944. Turen til Amalies Gruve gjekk me til fots etter GPS. Verdt å merke seg var at det som var markera som Amalies Gruve på den stemte ikkje. Me fylgde kartet ca 700 m lengre mot nord og fant den oppå ein topp. Denne var mykje større og hadde ein gruvegang inni fjellet som enda i dagen mykje høgare opp. Her fant vi ikkje så mange fine stein for dei var mykje dekt av lav.
Måndagen pakka me og padla tilbakers.
Me har hatt det vannvittig moro og det har blitt mykje lått og leven. Så tusen takk til Tommy, instruktør og til Hege som fekk det heile i gang.
Helsing Gunhild M, ein av 9 fornøgde deltakerar.
|