Kleivane til Høtt
Hei!
Tysdag 26 juli gjekk turen som planlagt frå Kleivane til Høtt. Dette er traseen som blir bruka heimatt med sauine frå det store fellesbeitet på Vestheiane. Bakkane var bratte langs ei mest flaumstor å oppover. Vegen noko blaut med flott å fylgje heile vegen. Dei av fylgje som er glade i sopp gjekk mest i spinn oppover . . . dei fant nemleg store mengder gule og fine kantarellar! Nokre molter fant vi også litt av. Såg tydeleg Napen som laga ein flott rund topp på austsida av Fyresvatn.
Såg minnesteinane til minne om ei brureferd som i fylgje historia hadde omkomme her oppe på Høtt. Ikkje ein einaste regndrope og heller ikkje noko problem med avåt tross god temperatur. Trur alle dei 14 som var med i kveld var fornøgde med at dei vart med!! Takk til Torgeir som tok oss med på denne gilde kveldsturen.

Tekst og foto var som vanleg Gunhild

Massevis av kantareller.

Minnesteinane etter Brureferda.

Samla oppe på Høtt.

Bratt og tungt opp bakkene.

Brua over Stentjønn-bekkjen.

Napen.

Kantarell og mmulter.

Kantareller en masse. Nå gjenstår det bare å fange en elg.