Høsttur til Geitneten, 20. september
Hei!
Sit med ein god følelse etter ein gild tur på Geitnetten i kveld. Endeleg solskin!! Me gjekk gjenom tunet til Neal og Tove på Kåsa og helsa på både geitane og sauene deires før me tok fatt på bakkane opp mot Geitnetten. Det vart ei eiga stemning oppover i skogen med dei tette trekronene som nermast laga eit tak for oss. Neal synte oss eit eks på korleis såkalla miljøplast-posar skal forsvinne i naturen, noko me såg at dei ikkje hadde gjort . . .
Neal er flink med planter og sopp, me såg m.a Linnea som har navnet etter Carl von Linne, grunnleggaren av klassifisering av planter og dyr. Sola skein framleis då me kom på toppen. Det vart eit lite bål og pylsegrilling. Innan me var nede att var det såpass mørkt at det var godt med ekstra ljos. Nå i desse våte tider blir dei fine dagane endå finare!! Neste tur som gjeng på Hegglandsnetten vil me ha med mat til bålet. Då bli det kaffikoking og matlaging. Gjeng då opp slæpa i Geitestadbakkane. Kort fin kveldstur.

Turhelsing og foto frå Gunhild
Ein gild turleiar, Neal Battin.

Geitane på Kåsa.

Typisk for Toppturar, bakke opp - men heldigvis - bakk ned heimatt.

Kjellaren på Glitta.

Torvmyr.

Linea.

Trolsk stubbe.

Haustsol mellom skylaga.

Endelig oppe.