| Gaukås-tur 12 juli 2011 Regnveret forlot økken når me køyrde inn Kleivgrendsvegen. Det vart bare finare ver dess høgare mot toppen me kom. Der skein sola. Rundt omkring såg me bare mørke skyer!! Heile 25 personar inkl Gjermund frå Vest Telemark Blad var med til Gaukås. Fleire spreke og blide ungar var også med. Stien er blitt veldig tydeleg. Seistemann som skreiv seg i boka var nr. 65 i den nye boka. Det er ikkje verst. Hadde ein god stopp nede i lia. Einaste som var noko plagsamt var ei god mengde knott! Tross alt betre enn høljeregn som var nedi bygda. Eg fekk telefon frå Telefiber for å høyre om eg hadde straum, noko eg kunne fortelje han at det hadde eg ikkje på 1000 meters høgde....he he. Kan ellers informere om at Torsdalsvatnet var nokså fullt og Øysæ såg ut til å mangle mykje vatn. Takk for ein gild tur. Gunhild, tekst og foto |
| Ein Arnica Montana også kalt Solblom. |
| Stien opp. |
| Gjermund frå «Vetleblad» hang godt med. |
| Våre Solrosar, Håkon, Henrik og Magnus. |
| Grethe med et godt grep rundt vår bukett, Håkon, Henrik og Magnus. |
| Nedatt til Torsdalen. |