Fiskebudagane!
No er programmet for årets turhelg klar! Fiskebudagene gjeng av stabelen 7-9 august. I år som i fjor vert det ei blanding av turar, lokal mat og underhaldning som du kan velje imellom. Du kan gå ein tur eller fleire. Du kan nyte stuttreist mat og oppleve dans, musikk og godt selskap. Du vel sjølv kva du vil bli med på!
Jørund ynskjer dykk velkomen til Fiskebu og Toppturgruppa stiller mannsterke med guidar på alle turane. Dersom du manglar nokon turar på toppturkortet finn du bøkar på 3 av toppane; Igletjønnuten, Bindalsfjell og Åbogsfjell.
 
Dersom du bur utanfor kommunen ynskjer vi deg velkomen til Fyresdal denne helga. Dette er ei oppleving utanom det vanlege og den gjev mat til slagordet vårt: Der menneske møter naturen! Dette passar både for deg som vil overnatte på Fiskebu og for dykk som har hytte i kommunen og har lyst til å bli med på noko sosialt.
Kom til Fyresdal denne helga og opplev oss på vårt beste!Pris på overnatting kr 250,- pr pers/døgn
Høve til teltslaging i området.
Utleige av båtar/kanoar.
 
Dersom du blir med ein heil dag eller heile helga lagar vi eit pakketilbod til deg!

Ta kontakt med:
Gunhild på tlf 957 91 511 eller Jørund på tlf 976 77 991

 
Fredag 7 aug.
   
Kl 0730-0900 Frukost m/nistesmøring  kr  90,- pr.pers
   
Kl 1730  Middag med romegraut og spekemat  kr 190,- pr. pers
   
Kl 1900  Kulturkveld                                                   kr 100,- pr pers
   
Kl 2100 Dans på vollen med Eivind Furulund kr   50,- pr.pers
   
Laurdag 8 aug.
   
Kl 0700-0830  Frukost m/nistesmøring                        kr 90,- pr pers
   
kl 1800  Middag, viltgryte m/ tilbehør  kr 180,- pr pers
   
Quiskveld og sosialt samvær i båthuset.
   
Sundag 9 aug.
Kl 0730- 0900 Frokost   kr 70,- pr pers