FISKEBU-DAGANE 2009

Helga 7-9 august var det aktivitet på Valebjørgsheia. Veret synte seg frå si beste side. Det vart  tur både på Igletjønnuten/Raudblæs og oppå Bindalsfjell på fredag. Temperaturen var så god at me måtte fram med stuttbuksa. Nokon fekk seg eit bad og nokon fant nok molter til ein moltedessert.  På båe desse turmåla er det kasser med bøkar i.
Kveldens hendingar starta med rjomegraut og spekemat servera i båthuset. Alt smaka fortreffeleg til svoltne turgjengerar. Etter eit godt forarbeid av Jørund og co var det eit flott kulturprogram me fekk vere med på. Scenen var velplassera mot det vakre Holmvatn. Musikk, songar og nderhaldning av lokale utøverar, melodiar/tekstar som høyrde heia til. Nilia Camilla Storøygard Lie opna og avslutta kvelden med flott tverrfløytespel. Elin Skålid kvea og Bjørn Dagfinn Tveit song så nydeleg før Harleif kom og fekk fart på lattermusklane.  Dei som ikkje har høyrt Leif Arild Sanden og Harald Valle sine idear og påfunn hev verkelg gjenge glipp av noko!!
Eivind Furulund spela til dans og det vart dansing til seine nåtta.
Laurdag gjekk 6 pers frå Nisser over Kronfjell og heilt fram til Fiskebustøylen. Dette er ein flott tur på om lag 12 km over det
Vakre Kronfjell.  Me var 3  som ikkje var så spreke så me rodde tur i Midtvatn. Det vart kaffikoking og matlaging denne flotte dagen. Me fekk ei flott oppleving på turen tilbake som me ikkje kjem til å gløyme. Me vart merksame på 2 ravnar som vart jaga av ein endå støre fugl. Sanneleg var det ikkje fiskeørna som me såg! Me såg også ein unge i reiret i toppen av ei furu. Eg var heldig som hadde fotolinsa retta mot reiret då ungen la på flog. Tenk å få oppleve slikt!
Kveldens meny i Båthuset var nydeleg viltgryte, moltekrem og kaffi. Etter slike opplevingar me har hatt smaka det godt med middag nå. Noko seinare på kvelden vart det quiz.
Sundagens tur gjekk frå Fiskebustøylen og opp på Åbogsfjell. Det var skodde og nokre regndropar. Me var jamnt fordela på spreke og blide ungar og spreke vaksne.  Kaffien smaka godt i dag også.
Me må få takke Jørund, Bjørg, Liv, Terje, Tone og alle dykken andre som gjorde denne helga så flott som den blei.
Takken gjeng også til alle som tok seg tid til å vere med oss på Fiskebustøulen denne helga.
Eg har laga ei flott biletbok frå turhelga, denne kostar kr. 400,- Sei ifrå til meg dersom Dykk ynskjer ei slik bok.
Eg har tlf. nr 957 91511, eller e-post: gm@telefiber.no

Helsing Gunhild, turansvarleg.

Flotte unger. Kan du bli noe annet enn i godt humør når du ser dei.

Fiskeørna treng ikkje feste sikkerhetsbelte før den går inn for landing.

Husker som guttunge på realskolen. Lektor Tveter ga oss som lekse å lære en tysk sang utenat. Kan den ennå: Morgenfrüh wenn gott willst, wirst du wieder gewecht . . . .

Kunna ha fikset så dere kunne sett hvem som var på bildet. Men, det var fristende å syne de flotte mørke silhuettene mot den nydelige bakgrunnen.

Til venstre er August, Axel og Regina kommet til toppen. Til høyre sitter Trygve og August og passer på at «Lars» får den varmen han skal ha.

Ein får valuta for svette og gnagsår når ein når til topps og får denne utsikten.

Multer i rjomeboksen vart det au.

Godt å sitte bakoverlent å vente på «Lars». Det er nesten så en føler en har kokt - som «Lars» - på turen opp.
Aud og Gunhild må også ha egg og bacon.