Hei!
Litt referat frå ein flott tur på Roan laurdag.
22 personar la i veg frå Foldsæ. Det var litt plussgrader så det blei ei blanding av klabbar og raud smøring. Dei fleste enda opp med fellar (latmannsmøring). Nokre av deltakerane valgte å snu, men dei fleste kom seg til toppen. Sikten var stutt på toppen, men varden vart funnen. Flott å renne ned att. Det blei endå eit bål og ei pause før me var nede. Det var utruleg godt å kome ned til Fossum der ei varm og god badstoge venta oss. Vatnet i fossen var avkjølande og godt. Ramma rundt det heile der er bare heilt fantastisk. I Stallkafèen venta Brigitte og Dierk på oss med eit nydeleg måltid. Tusen takk til vertskap og deltakerar for ein flott tur.
 
Helsing Gunhild

Samling i bånn.

Raud Swix og feller hjalp godt i tunge motbakker på vei opp til toppen.

Grethe fant varden og ingen leid naud.

Endelig! Varden!

Iskald avriving . . .
. . . får fart på blodsirkulasjonen - også.
Godt med litt assistanse.

After Sjakk.

Sprek gjeng i et rolig øyeblkk på Fossumsanden.