Hei.
Sundag 21. september hadde turlaget i Fyresdal ein flott tur oppå Skorve - 1369 moh. Som turleiarar fekk me med oss Åsne og Henrik som me vart kjente med på «Topptur helga». Margit frå Flatdal var også med. Ho hadde vore på Skorve mange gonger og var svært godt kjent. Strålande ver, stille og god temperatur på veg opp. Ei skjemmande kald skodde låg tykk når me nærrma oss toppen. Difor var sikten frå toppen dårleg. Me la merke til at toppunktet bestod av ei steinrøys, så me fant ut at me - Førsdølane - burde take Seljordingane med på eit «vardemurar kurs»!!!
På veg ned att var me burtom restane etter det amerikanske flyet som krasja der 9 sept.1944. Enno kunne ein sjå mykje vrakdelar. Då var sola framme att, med god sikt og god temperatur. Ende nedom skoggrensa fant me ved og fyra opp eit lite bål. Ingen tur utan kaffilukt og omelett!
Når me fyrst hadde teke turen til Seljord, måtte me også få oss middag. Då vart «Kåns» ein triveleg stoppestad med god mat. Me er takksame for ein triveleg dag og ein flott tur. Tusen takk til turleiarane som tok oss med til toppen!!
Helsing Gunhild M.
|
 |
Bratt veg opp til Skorve’s topp.
|
 |
Uten mat og drikke . . .
|
 |
Det rosa feltet i fjellveggen syner flykrasj-staden.
|
 |
Rester av stjernemotoren til flyet.
|
 |
Minneplate over dei omkomne.
|
 |
Spesielle steinformasjoner.
|
 |
Målet, varden på Skorve - 1369 m.o.h.
|
 |
Samling på Skorve’s topp.
|