| Språk Etter å ha vore i Birtedalen i over 40 år, må ein sjølvsagt innsjå at historia,språket og kulturen endrar seg. Registrerer likevel at birtedølane i det siste har vore opptekne av dei «rette» namna på både stader og kulturminne. Har lagt merke til diskusjonen om Lindåsskardet eller Lennåsskardet. Trur dei er inne på noko her. Kanskje kan namnet knyttast til det gamalnorske ordet «LEIN», som tyder - hall el.skråning. Noko i retning av det moderne ordet - å lene. Likeins vurderer eg stadnamn som ein viktig del av den lokale kulturen. I utbygde turistområde ser ein gong på gong at «byfolk» tek seg til rette, og endrar namn og riv opp kulturen. Me har ei rekke døme på det. I Setesdal har eigedomsmeklarar i lang tid selt hyttetomter i eit område som dei kallar «Løefjedd»? Kva tyder det, spurde eg eigedomsmeklaren. Han visste ikkje. Det rette namnet er «Løefjødd». Det gjev meining. I Setesdal blir dobbel l til dobbel d, og fint er det og, så nå skriv også hytteeigarane «Løefjødd» - (der dei tidlegare hadde slåttemark.) Namna er viktige. Eg ser nå fleire og fleire som skriv Birtevann,Nesvannsveien o.l. Dette er galt,både i høve til tradisjon og norsk rettskriving. Vatn og vann skal skrivast etter den lokale uttalen og tradisjonen, og difor må det bli Birtevatn, Nesvatn og Hovatn. Dette er stadnamn, og står på alle kart. Kvar er Birtevann i Fyresdal? Fins ikkje. Difor heiter det også Nesvassvegen og ikkje Nesvannsveien. Med beste helsing Sigmund Skomedal. |
||