1.MAI 
Fyresdal arbeiderparti
ynskjer alle velkomen til 1. mai – arrangement på Fyresdal samfunnshus.
Programmet er enno ikkje heilt fastsett – men det blir ca. slik:
Frukost frå  kl 10.00 – 12.30
Under frukosten blir det tale for dagen
Loddsal
Underhaldning 
Gudsteneste kl 1300
Kaffe på Pleie- og omsorgssenteret kl 1430
Alle er velkomne til arrangementet.

LØNSTILSKOT TIL SOMMARARBEID FOR SKULEUNGDOM
Private og offentlege verksemder, eller private personar i Fyresdal som tek inn skuleungdom frå Fyresdal, som er ferdige med 10. klasse og ikkje over 21 år i kalenderåret, får eit lønstilskot på 50% av utbetalt timeløn max. kr 35,- pr. time.  Lønstilskotet blir utbetalt etter 15.08, mot dokumentasjon, siste frist for innsending av dokument er 15.10. Akkordløn blir rekna om til timar etter gjeldande tariff.
Verksemdene søkjer kommunen før 20. mai om å ta inn namngjevne personar.  Det kan godkjennast inntil 200 timar for kvar arbeidstakar.  Rådmannen godkjenner desse søknadene.
Det blir ikkje gjeve lønstilskot til ungdom i eigen familie dvs. born og barneborn.  Dette gjeld ikkje for næringsdrivande som er registrerte i arbeidsgjevarregisteret.
Det blir ikkje gjeve tilskot til arbeid som får vesentlege kommunale tilskot etter andre reglar t.d. 1. gongs tynning i H. kl. III.
Arbeidsavtale skal fylgje med søknaden, og skal brukast som grunnlag for prioritering blant søknadene.

Vedtak i Hovudutval for kultur, oppvekst og omsorg - 05.03.2007:

Klage på vedtak om skjenkeavgift for Øyne Terrasse
1. Klaga vert ikkje tatt til fylgje
2. Saka vert sendt Fylkesmannen i Telemark for endeleg avgjer.

Olsokspel i 2007
Det vert gitt eit tilskot til Olsokspelet 2007 på kroner 55 000,-. Tilskotet vert løyvd frå den disponible potten til utvalet, konto 1263 (kulturmidlar). KOO-utvalet krev rapport og rekneskap etter at spelet er avslutta.

Etter løyvinga står det att kr 379 000,- på konto 1.263 kulturmidlar.

Vedtak i Formannskapet - 14.03.2007:
Lærlingestipend 2007 - Stiftelsen Telemark fylkes Handelsstevne
Fyresdal kommune stør Stiftelsen Telemark fylkes Handelsstevnes Lærlingestipend 2007 med kr 1500,-.
Løyving frå formannskapet sin konto: 1112 490.
Søknad om dispensasjon for oppføring av driftshytte/støylsbu på Dansskorstøylen gnr. 77, bnr. 3 Nigard Aslestad
Søknad om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for oppføring av driftshytte/støylsbu på Dansskorstøylen, gnr. 77, bnr. 3 Nigard Aslestad vert godkjent.
Nerare opplysningar om bygningen som skal førast opp må kome i samband med byggjesøknad.
Framlegg til reguleringsplan for bustadfelt på Kynjushamaren: 1. gongs handsaming

  1. Planutvalet går inn for framlegg til reguleringsplan med vedtekne endringar for bustader på Kynjushamaren, datert mars 2007.
  2. I medhald av Plan- og bygningslova § 27-1 vert planframlegget lagt ut til offentleg ettersyn.

Søknad om dispensasjon for oppsetting av anneks og uthus under same tak
Søknaden om dispensasjon for oppsetting av anneks og bod på totalt 35m2 vert godkjent.
Dispensasjon frå arealplanen for frådeling av hyttetomter 39/3
Søknad om dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen for frådeling av to hyttetomter på Bjåstøyl på eigedomen Sitje Midtre gnr. 39, bnr. 3 vert godkjent. To hytter i dette området vil ikkje ha noko ulemper for drift av eigedomen og heller ikkje for friluftsinteresser. Frådelinga av hyttetomtene blir som visa på vedlagt kart, tomt nr 1 og 5 i tidlegare utarbeid plan. Avstad til Bjåstøyltjønna er minst 50 meter.

Bebyggelsesplan for Skåltjønn 72/3
Framlegg til bebyggelsesplan for 72/3 – Skåltjønn i Kleivgrend vert lagt ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 28-2.
Mindre vesentleg endring av reguleringsplan Kjeddingsteinen 17/2, 17/4, 17/7: Utnyttingsgrad/ tillatt bebygd areal: 2. g
I medhald av Plan- og bygningslova § 28-1 pkt 2 vert det gjort ei mindre vesentleg endring av reguleringsplan for Kjeddingsteinen, vedteken 30.06.05:
Tillatt bygd areal – BYA, vert endra frå 120 m2 til 150 m2 + uthus på inntil 20 m2.
Søknad om frådeling av tomt til fritidsbustad på Rindebakken 86/6 - KLAGE
Planutvalet vil med bakgrunn i nye opplysningar i form av brev datert, 29.09.2006 og 20.02.2007 og dette sett i samanheng med mindretalets framlegg ved 1. gongs handsaming av saka gje dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for å dele frå den omsøkte hyttetomta på Rindebakken gnr. 86, bnr. 6.

Vedtak i Næringsfondsstyret - 14.03.2007:

Søknad om etableringstilskot
Næringsfondet løyver kr 20 000,- i etablerartilskot til Roan Consulting AS frå konto 1 410 470. I tilsagnsbrevet skal bedrifta oppmodast om å nytte lokale tenester der det er høveleg. Utbetalinga skjer etter gjeldande reglar for bruk av næringsfondsmidlar.
Søknad om stønad til bedriftsutvikling - Moland Mekaniske AS
Næringsfondet løyver kr 132 500,- til Moland Mekaniske AS frå konto 1 410 470.
Midlane skal øyremerkast opplæringstiltak, og oppnådd sertifisering av tilsette som fylgje av opplæringa skal dokumenterast innan 2 år. Utbetalinga skjer etter gjeldande reglar for bruk av næringsfondsmidlar.
Søknad om investeringstilskot Kjøtteri Fyresdal AS
Saka blir sendt attende til administrasjonen for å framskaffe fleire opplysningar om investeringsbehov og drift. Næringsfondstyret vil dekke kostnadene med å utarbeide eit likviditetsbudsjett for 2007 og 2008, dette må gjerast av eksterne rådgjevarar.

AKTIVITETAR PÅ POS I APRIL 2007

Ny månad, og nye moglegheiter for aktivitetar. Vi vonar du har lyst til å deltake saman med oss. Vi hygger oss i lag i sosialt samvær. Ein treng ikkje vere kreativ eller arbeidsam for å deltake her. Det er like triveleg om du bare kjem innom oss. Her er også høve til å kjøpe middag om du ynskjer det. Då er det fint om du seier i frå, helst dagen før, på telefon 35 06 71 63.  Lurar du på kva som er på menyen, er det bare å slå på tråden. God mat kan vi love, det er sikkert.

DU ER HJARTELEG VELKOMEN! 

Programma startar kl 11.00 om det ikkje står noko anna:

Tysdag  3:   I dag kjem Krossli-musikken. Dei syng og spilar for oss, og vi har det riktig triveleg i lag.
Fredag  6:    I dag er det LANGFREDAG og program i dag er:
KL 11.00 GUDSTENESTE v/presten vår Bjørn
KL 14.30 Magne Berge kjem for å spille for oss
Tysdag 10:  Lett trim med Sigrunn kl 11.00.
Kl 12.00 kjem Freddy for å spile for oss. Kanskje vi kan synge også. Også har vi litt kaffikos.
Torsdag 12: Frå ca. kl 10.30 til 12.00 har vi strikkekafè. Ta med deg strikketøy, eller anna handarbeid, og kom ein tur da vel.

Kaffi og kake har vi også.

Andakt i stova på POS. NB! Kl 12.00.

Fredag  13:  Kl 10.00 Trim m/fysioterapeuten.

Kl 11.00 KJELL AUDUN kjem for å spile og synge for oss. Kaffi og kaker blir det også.
Tysdag  17: Lett trim med Sigrunn kl 11.00.
Kl 12.00 kjem Freddy for å spile for oss. Kanskje vi kan synge også. Også har vi litt kaffikos.

Torsdag 19: Frå ca. kl 10.30 til 12.00 har vi strikkekafè. Ta med deg strikketøy, eller anna handarbeid, og kom ein tur da vel.

Kaffi og kake har vi også.

Andakt i stova på POS kl 12.00.

Fredag  20: 
Kl 10.00 Trim m/fysioterapeuten.
Kl 11.00  I dag kjem Torgeir Lien for å syne oss ljosbilete frå dei var på Island og Færøyane. Her er mange flotte bilete å sjå.
Vi serverer også kaffi og kaker.

Tysdag 24:  Lett trim med Sigrunn kl 11.00.
Kl 12.00 kjem Freddy for å spile for oss. Kanskje vi kan synge også. Også har vi litt kaffikos.
Torsdag 26: Frå ca. kl 10.30 til 12.00 har vi strikkekafè. Ta med deg strikketøy, eller anna handarbeid, og kom ein tur da vel.
Kaffi og kake har vi også.

Andakt i stova på POS kl 12.00.
Fredag   27: Kl 10.00 Trim m/fysioterapeuten
Kl 11.00  I dag kjem SENIORSHOP til oss. Treng du litt fornying til 17.mai kanskje? Da kan det vere lurt å ta ein tur innom POS denne dagen.
På måndagar held vi til på arbeidsstova heile formiddagen.

Da er det litt av kvart vi lagar.

Har du lyst til å ta ein tur den dagen, ja så er du hjarteleg velkomen til det.

Så ein liten ting til: Alle vi som jobbar på aktivitetsavdelinga vil også nytte høve til å ynskje dykk ei riktig god påske.


Vonar du har lyst til å ta ein tur hit til oss, vi set stor pris på besøk


Økonomisk rådgjeving
Vest-Telemark kommunane har tilsett ein gjeldsrådgjevar i halv stilling. Ho heiter Berit Valhovd, er økonomiutdanna og har mellom anna regnskapserfaring.
Rådgjevaren kan gje personar råd og informasjon i økonomiske saker. Det kan til dømes gjelde betalingsvanskar og gjeldsproblem. Ein kan få hjelp til å få oversyn over inntekter og utgifter med omsyn til gjeldsbyrde og betalingsevne. Andre tema kan være trekk i lønn, inkassosaker og utleggsforretningar. Gjeldsrådgjevaren kan hjelpe til med å få i stand nedbetalingsordningar, såkalla utanrettsleg gjeldsordning. I fall det ikkje er mogeleg å finne andre ordningar, vil ein kunne gje bistand til å søkje gjeldsordning hjå namsmannen.
Berit Valhovd sine arbeidsdagar er måndagar og tysdagar, samt annankvar onsdag. På telefon kan ein avtale at ho tar turen til Fyresdal for ei samtale. Ho er å treffe om ein ringjer tenestetorget i Vinje med nummer 350 62300 eller direkte på mobil 90 24 62 43.

Bygdedagen 2. juni 2007

Bygdedagskomiteen i Fyresdal ynskjer tidlegare og nye utstillarar hjarteleg velkomne til bygdedagen som er laurdag 2. juni 2007 kl. 10.00-17.00.
Interesserte kan henvende seg til leiar i bygdedagskomiteen: Olav Åge Dale.
På tlf. 35 04 25 19/94 83 22 28, etter kl 17.00. 
Tidlegare utstillarar får tilsendt brev der dei kan krysse av om dei ynskjer utstillingsplass.

Årsmøte i Fyresdal Sogelag
tysdag 17. april 2007, Fridheim, Veum kl 19.00
I tillegg til vanlege årsmøtesaker, fortel Lars Veum om gamle husmannsplassar i Fyresdal. Det vert utlodding med overraskingar.
Me tek til å selje dei nye ”Sjå deg attyvi” for 2007 med blanda stoff.

Roan revy- og teaterlag byd på gild varmrett med dessert, kaffi og kake. Alt dette får du for ein 100-lapp som vi samlar inn kring bordsetet.

Alle interesserte er velkomne!

Fyresdal pensjonistlag
har medlemsmøte 12. april på Veum grendehus kl 17.00.
Merk klokkeslettet !
Helge Himberg orienterar oss om kva for hjelpemiddel for syn, hørsel og bevegelse som er tilgjengelege.

Snittar – kaffe og kaker. Åresal.
Matkomitè:  Kjetil - Hege - Gunnlaug -  Annveig - Olaug

Vel møtt !

Kyrkjedøra

Gudstenester i påska og april:
1. april, palmesundag
Skigudsteneste på Gauven (attmed parkeringsplassen) i Birtedalen kl 12:00

5. april, skjærtorsdag
Nattverdsgudsteneste i Veum kyrkje kl 19:00, ved Torleiv Austad, ofring til MF

6. april, langfredag
Gudsteneste med nattverd på POS kl 11:00.

6. april, langfredag
Langfredagsmesse med nattverd på Grendehuset i Birtedalen kl 19:00, ved Bjørn Nome

8. april, påskedag
Høgtidsgudsteneste i Moland kyrkje kl 11:00, ved Bjørn Nome, nattverd, ofring til kyrkjelydens misjonsprosjekt.

15. april
Ingen messe i Fyresdal.

22. april
Gudsteneste i Veum kyrkje kl 11:00, ved Bjørn Nome, nattverd ofring til Misjonsprosjektet.

 29. april
Gudsteneste på POS kl 11:00, ved Bjørn Nome.

1. mai
Gudsteneste i Moland kyrkje kl 13:00.


Fyresdal legekontor

Tlf 35 06 73 00

Ekspedisjonstid mellom kl 08.30 - 11.30 og 12.30 - 15.00
Open time kl 08.30 - 09.30 - kun øyeblikkeleg hjelp, som kan ordnas raskt. 
Frammøte før 09.00 - meld deg i ekspedisjonen.
Telefontid lege kl 12.30 – 13.00 
Kontortid mellom kl 08.00 – 16.00.
Medisinbestillingar, timeavtaler, o.a. må ordnast i ekspedisjonstida.
Du må bestille medisin i god tid.
Dei som ynskjer å hente medisin på Ica Sparmat eller Hauggrend Landhandel, må sei frå om det.
Transport for pasienter til sjukehus og spesialistar:
Når du ikkje kan nytte rutegåande transport eller køyre eigen bil, kontakt køyrekontoret tlf. 35 00 58 00.

Fastlegetelefonen:  810 59 500 eller nettsida trygdeetaten.no/MinFastlege.
Desse kan brukast i samband med bytte av fastlege og / eller opplysningar om kven som er fastlegen din.

VIKTIG MELDING
Om du treng råd eller hjelp av lege utanom kontortid, ring direkte: 
ARENDAL LEGEVAKT, tlf  815 32 999 – opningstid kl 15.00 – 08.00.
Ved øyeblikkeleg hjelp må du ringe 113