31. juli 1987
Jan Arild Ålandsli på besøk hos Margit og Sigrid på Flotta. De hadde kjøpt melk i spann mens de var på Sandvatn og her har Jan Arild levert tomspannet.
Selvfølgelig ble det servert kaffe og kaker til kundene, samt en hyggestund med trivelig prat.
Slik var det, alltid trivelig å komme innom på besøk.

Under følger historien fra «Sjå deg attyvi» om Margit på Støylen.

Hei Kjell!
Du etterlyser bilder fra Margits tid på setra. Jeg kan bidra med noen bilder som ble tatt på «Flotta» i 1987 på dagen for Margits fødselsdag. Ronald Brynhildsen og jeg (begge hytteeiere i Birtedalen) tok turen opp til «Flåtta» for å feire dagen sammen med Margit.
Ronalds hustru - Ruth - hadde for anledningen bakt ei stor bløtkake som vi tok med opp til seters. Som det framgår av bildene kom også Eva Moe fra Birtedalen opp for å gjøre ære på Margit. Dette var den siste sesongen Margit var på støylen «Flotta». Vi har alle gode minner fra den turen.

Mvh
Per Rangnes, Skien
Margit - på støylen «Flotta»
Me er ein tur på støylen «Flotta» i Birtedalsheiana, og året er 1985. Margit byrja stølslivet allereie i 1909, berre tre år gamal. Det er såleis den 75. sumaren Margit er på støylen.
Margit er født i 1906 på eit lite småbruk i Birtedalen som heiter «Kjeddingsteinen». Ho vaks opp hjå foreldra Sigrid og Halvor Kili, i lag med fem sysken på den vesle plassen.

Margit fortel:
«Me var heile familien samla på støylen. Me drog oppover ei veke før St.Hans og var så på støylen i 12 veker. Karane drog berre heim for å gjere unna slåtten. Dei fyrste åra leigde me støylen av ein kar i Birtedalen, og me tok då på oss kyr frå Kyrkjebygda i Fyresdal. Me måte reise ned til Snartelandssundet og hente kyrne, omlag 20 i talet. Det var ein lang driftsveg på over 30 km. Fjoset her på støylen hadde berre 12 båsplassar, så dei kyrne som ikkje mjølka, laut vere ute om nettene. Då eg var 8 år gamal, måtte eg ut å gjæte åleine. Det var ikkje moro å ha ansvaret for så mange dyr ute i heia, men det var slik den gongen, og eg har aldri hatt vondt av det. Eg råka verken på bjønn eller skrubb, men toreveret var eg redd.
Det var og vanleg å ta med seg gris på støylen. Om våren bar eg han oppover, men heimatt laut han gå sjølv, då var han for tung og bere. I 1930, vart eg gift med Eivind Kile. Me byrja då å sete opp og dyrke eit bureisningsbruk, «Klauvås». Men for å kunne gjere det, måtte bruket ha ein støyl. Da var det at Leif Tovslid som åtte «Flotta› gav oss støylen vederlagsfritt, slik at me kunne kome i gang med bureisinga på Klauvås.
Etter kvart fekk me born. Sigrid i 1931, og Nils i 1933. Sigrid har vore med på støylen i alle år, men Nils omkom i ei jaktulykke vinteren 1961.
Då støylen var vår eigen, hadde me 5 kroner for kvar kyr som mjølka i løpet av sumaren. Dersom ho ikkje mjølka meir enn seks veker, måtte me levere smør og ost til eigaren. No har me berre eigen buskap på støylen, 2–3 kyr og nokre sauer. Fyrst i 1935 fekk eg separator. Før den tid måtte eg skumme fløyten av mjølka. Kinning, ysting og vasking av silekollene tok lang tid. Me var travelt opptekne frå tidleg morgon og langt utover kvelden. Sundagene tok me oss tid til samver med andre stølsfolk. På Grøssæ låg dei med 40 kyr, og på Kultrane med 25. Desse støylane ligg ikkje så langt i frå «Flotta». Det bruka og å kome folk frå Birtedalen og Borggrend.»
Då Margit fylte 75 år, var 62 personar samla til lag på støylsvollen på «Flotta». Då vanka det både romegraut og mangt anna godt.
Nå for tida er det kome mange hytter i nærleiken og hyttefolket stikk stadig innom Margit og Eivind for ein prat. Og Margit er ikkje den som er tung å røe med.
Margit fekk endå to år på støylen eter at me var der. Dei siste åra sat ho i traktorskuffa for å komme seg fram. Ho hadde då ei dårleg hofte og hadde vanskar med å gå langt.
Margit vart sjuk i 1988 og døydde i august same året.

Astrid S. Ormtveit
Gjengitt etter tillatelse fra forfatteren
og redaksjonen i «Sjå deg attyvi»
Er det noen som har gode bilder fra denne tiden, ville vi være takknemlig om vi kunne få bringe disse ut til leserne via birtedalen.info
Et kvarter etter at siden var lagt ut, var Per Rangnes på telefonen og tilbød bilder. Er det noen sak. Kjapt og morsomt. Tusen takk!