Frå «Sjå deg attyvi», 1990

Fjalebu og Asbjørnsane-Arneberg
Det er sogesus over mang ei gamal gard i Fyresdalsheiane. Fjalebu har si historie. Denne gamle heigarden var eingong husmannsplass under Kvipt og ligg i heia mellom Øvre- og Nedre-gardane i Birtedalen.
Her bygde Olav Asbjørnsen Arneberg nye hus i byrjinga av krigsåra, og han og dottera Guro levde her til 1956. Resten av familien var reist til Amerika.
Upphavet deira kjem frå ein gamal husmannsplass, Ånebjørg, som ligg oppe i Longvadalen på heia mellom Bygland og Åseral. I 1860-70-åra budde det på Ånebjørg ein familie med fleire born.
Omkring desse tider døydde både mann og kone av tæring, og borna blei sett bort til andre. Olav og Kari kom då til Birtedalen, Olav til Kvipt og Kari visstnok til Tovslid. Ein bror av dei, Jon, vaks opp hjå Knut og Asbjørg Heggland i Bygland. Dei kalla seg for Asbjørnsen etter faren, men tok sidan også namnet Arneberg – etter Ånebjørg.

OLAV
Då Olav blei vaksen, fekk han eit stykke jord av Olav O. Kvipt. og rudde og bygde seg hus bortanfor Kvipt. Etter nokre år fall han ut med bonden på Kvipt og flutte med seg stoga til Sprensbekk og rudde seg ny heim her. Denne plassen ligg mellom Østre Kile og Fjellheim. Denne stoga til Olav har siden blitt flytta til Lyngstad. Han fekk sidan bytta til seg Fjalebu mot ein fole som Olav O. Kvipt syntes så godt om, og bruka Fjalebu som støyl dei fyrste åra.
Endå ein gong flytte Olav Asbjørnsen. Då kaupte han Kleiv av Midtgarden, eit lite småbruk i Nedre Birtedalen. Her bygde han nye hus og blei skuldig ein del pengar, men broren Jon hadde vorte ein rik mann, og han hjelpte Olav ut av fleire kniper.
Olav gifte seg med Kari Kile, syster til Halvor Kile, og dei fekk fleire born saman. Dei me kjenner til er Asbjørn, Åsmund, Guro, Margit og Lisle-Olav.
Då han budde på plassen under Kvipt, kalla han seg for Olav Asbjørnsen Kvipteplass, men etter at han flytta til Kleiv,tok han navnet Arneberg.
Eingong fyrst på 1900-talet selde han Kleiv attende til Midtgarden og reiste med heile familien til Amerika. Dei blei der burte berre eit år. Sonen Åsmundforlet dei hjå nokre folk der, utan å seie frå då dei reiste attende til Noreg. Dette kunne Åsmund aldri tilgje faren for. Attende i Birtedalen kaupte han att Kleiv frå Midtgarden.
Olav var ein framifrå håndverkar, og han stod ikkje i beit med noko. Han tømra og bygde, laga gode vevstolar, smia, garva skinn og laga dei beste sko.
I byrjinga av siste krigen sette han opp nye hus på Fjalebu. Medan han bygde den nye stova budde han i ein gamal stall, med jordgolv, og budde sidan fast på Fjalebu i 10 år. Kona døydde lengde før den tid, og det var dottera Guro som var att med faren.
Både broren Jon, systra Kari og dei andre borna hadde reist til Amerika.
Olav hadde alltid ei råd for både det eine og det andre, anten det gjaldt sjukdom eller praktiske ting. Ein kar frå området fortel at ein gong kom Guro til han og bad om han kunne kome heim og trekke ut tennane på Olav. Dei va lause og såre så han ikkje eingong kunne tygge grauten.
Karen gjekk op til Fjalebu saman med Guro, fann ei gamal sausaks og vippa ut tenane hans. Det var det likaste verktyet han fann.
Etterpå tok Olav og blanda lysol med vatn og rensa tanngarden.
Han hadde og plage med augo sine, og for å lækje dei, bruka han nokre dråpar med pipeolje. Dette midlet bruka han au på bikkja si som då skreik vederstyggeleg.
Under krigen kom det eit par bykarar til Fjalebu. Dei hadde ikkje smaka kjøt sidan krigen byrja, og nå hadde dei blitt tipsa om at Olav og Guro hadde fått ein kalv. Jau, Olav var viljug til å selje kalven, men han måtte spørje Guro fyrst, for det var hennar kalv. Karane hadde bydd to hundre kroner for kalven og trodde seg difor godt. Dette truudde Olav au skulle gå i orden, tok fram ein kniv og gav til eine karen som var slaktar av yrke. Olav gjeng inn på kjøkkenet til Guro og spør kva ho meiner. «Då vil eg ha hundre kronur», seier Guro. «Dei har bydd to hundre», seier Olav. «Nei, då vi eg ikkji», seier ho. Det blei inga råd med henne, og Olav kjem attende med beskjed til karane. Men før han får sagt noko, grip karen kniven og seier: «Ja, så tar vi han da.» Olav trudde det var han dei ville ta og blei vitskremd. Men dei måtte reise frå Fjalebu utan steik.
Dei siste månadene av sitt liv var han sjukleg og dei måtte flytte til Tovslid. Sonen Asbjørn hadde vore heime og meinte dei greidde seg ikkje sjølv lenger. Dyra måtte avlivast. Olav sturde og lengta berre attende til Fjalebu. Han meinta at om han kom attende der, ville han bli frisk.
Han døydde 4. juni 1956 – 89 år gamal.

JON
Broren Jon var fødd i 1874 og var berre 3 år gamal då han var sett bort. Han vaks opppp hjå Asbjørg og Knut Heggelid i Bygland. Her lika han seg godt og hadde berre godt å seie om fosterforeldra sine.
I ungdomen reiste han ei tid mykje omkring på Sørlandet, men alt i 1892 drog han til Amerika, berre 18 år gamal. I 1908 var han heime på si fyrste vitjing i gamlelandet. Seinare vart det fleire og han gløymde ikkje syskna sine i Birtedalen.
Denne Jon Asbjørnsen Arneberg som kom frå den store verda og for i heiane i Birtedalen, gjekk det gjetord om i bygda. Han skulle ha blitt så ovleg rik. Kvar hadde han fått alle pengane frå, tru? Jau, sa folk, han dreiv visst med kvit slavehandel. Men ein kar frå Birtedalen har fortalt at han eingong spurde Jon korleis han var blitt så rik. «Jau, det skal eg seie deg. I den billege tida kjøpte eg opp eigedomar som eg selde att når prisane steig.»
Han hjelpte bror sin Olav med pengar mang ein gong. Når Olav var i knipe, skreiv han til bror sin. Han var utdanna lege i Amerika og tente sikkert godt i yrket sitt. Då han var heime i 1908, var han jordmor då Olav Tovslid blei fødd. Han kalla sidan Olav for guten sin. 72 år gamal gifta han seg for fyrste gong med Nora, ei norskætta kvinne. Stort meir veit ein ikkje om denne «mystiske» personen Jon Asbjørnsen Arneberg, men han har skrive ein sjølvbiografi på engelsk. Åsulv Lande i Setesdal skal oversette denne boka som truleg kjem om eit år eller to.

ÅSMUND
Son til Olav, Åsmund, som dei forlet i Amerika, var sjølvsagt norsk-amerikanar. Kva han dreiv med der borte, er ukjent, men han slo seg visst godt fram han og. I fyrste ekteskapet hadde han to born, men vart skilt og gifte seg at med Edna, ei mykje vakker kvinne. Ein sumar dei var heime budde dei hjå Signe og Jakop Tovslid i øvregardane i fjorten dagar.
Edna var litt av ei dame som hadde forbindelsar med dei helt store folka i USA. Ho viste bilete der ho var saman med president Nixon & Co. Men Åsmund ville aldri vitje Fjalebu så lenge faren levde. Han meinte han var ein vond man, men mor si hadde han berre gode minne etter.
I Amerika kalle han seg for Oscar, då dette var eit lettare namn å uttale på engelsk. Han har fått namnet sett på gravsteinen til foreldra sine her i Fyresdal, og der står: Født 11.11.92 død 19.9.83.

GURO
Dotra Guro, som var litt «stutt» av seg, blei buande med faren heile si tid. Ho hadde ikkje greie på pengar i det heile teke, og då faren gjekk bort, fekk ho ein formyndar. Han kalla ho for «bestyraren». Same mannen spurde henne ein gong om ho ikkjje ville vere med til bygda ein tur. «Nei», sa Guro, «det æ ikkji lenji si’eg he vøri der.» «Ja, høss lenji æ’ det då?» spør mannen: «Det æ tjuge år.»
Då Olav var død flutte Guro til Fjellheim, der budde ho ei tid før ho kom til Fyresdal alders- og sjukeheim. Her budde ho til ho døyde 7. desember 1963.
Kari, syster til Olav, samt borna hans Asbjørn, Margit og Lisle Olav reiste alle til USA i 1925.

Fjalebu, sentral plass i 1940–45
Under siste verdenskrig var Fjalebu ein sentral plass for heimefrontsfolka. Dei slapp ofte opp for mat, og Guro og Olav hjelpte til så godt dei kunne. Dei var sjølvforsynte med mykje, og dertil tykte Guro det var stor stas når ho fekk vitjing av karane.
Ei vise som var mykje sunge i fredsdagane, skulle ha sitt opphav frå Fjalebu: «Når Guro er i fjøset er vi der, ja når Guro er i fjøset er vi der.»
Kompani Linge med kaptein Harald Sandvik som sjef hadde sitt hovudkvarter i Vestheiane dei siste krigsåra. Olav Asbjørnsen Arneberg var kvarterets fyrste sivile kontakt. Han var med på flyslepp og var rekna for Noregs eldste flyslepp-deltakar, i ein alder av 79 år. Ein av heimefrontfolka sa: «Hvis alle nordmenn hadde vært som Olav Asbjørnsen Arneberg ville det ikkje ha kome en tysker inn i landet».
I oktober 1944 var det ein tyskar-razzia i Birtedalen, men Olav var ein av dei få som slapp unna. Under rassiaen var tyskarane også til Fjalebu.
Olav hadde ein pose med hagl hengande på veggen. Ein tyskar undersøkte dette, men fann at det berre var til bruk for hagle og la posen frå seg på golvet. Dette slurvet lika ikkje Olav og sa: «Heng posen attende på veggen» og tyskaren lystra ordre.
I Granbudalen, ikkje langt frå Fjalebu, kom det siste krigsåret 96 flyslepp, og her var Olav med og berga utstyret som dei grov ned i ei steinrøys.
Olav fekk eit fint gevær av heimefrontkarane. Dette var den gildaste gåva han nokon gong hadde fått, og han sat med geværet tidt og ofte og pussa og kjælte for det. Han venta berre på at det skulle kome ein tyskar så han fekk bruke det, men det gjekk ikkje i oppfylling.

Astrid S. Ormtveit
Gjengitt etter tillatelse fra forfatteren
og redaksjonen i «Sjå deg attyvi»
Frå «Sjå deg atttyvi», 2006

I 1944 . . .
. . . blei det planlagt i London å få i stand geriljabasar for heimestyrkane i Norge, og det blei sett i gang arbeid med å finne høvelege stader for slik verksemd. Det blei bestemt at det skulle bli fem basar i heile landet, og en av desse var «Varg» , som kom til å liggje i Vestheiane i Fyresdal. Her skulle då droppast våpen, proviant og utstyr. Når alt var på plass, skulle milorg-folk bli trekte inn i basane som blei leia frå London.
Kaptein Harald Sandvik var på den tid sjef for «Varg».
Fjalebu ligg i heia mellom Øvre- og Nedre Birtedalen. Ei mils veg frå ana busetting. I byrjinga av siste krig bosette Olav Asbjørnsen Arneberg seg her, og bygde nye hus på plassen. Olav og dottera Guro budde på FJalebu til i 1956.
Dei fem mennene i «Varg» som landa på Vikseter i Gjøvdal, fann det snart tryggast å finne ein annan stad å etablere seg, då tyskrane helt på med razzia på dei kantar. Slik enda dei opp hjå Olav Asbjørnsen på Fjalebu. Harald Sandvik fortel om det fyrste møtet med Olav:
«Vi banket på døra, men intet svar. Vi banket igjen, og innenfra kom det:
«Kven æ det?»
«God kveld Olav. Det er Per og Harald».
Han åpner døra forsiktig.
«Vi er kongens karer. Nå må du ikke spørre mer, men hjelpe oss så godt du kan.»
Olav fekk helsingar frå kongen, H7-merke, kaffi, sigarettar og sjokolade. Han var ikkje i tvil lenger.
«Å nei, å nei! Dette æ det gildaste eg hev upplivt.»
Dei sa at dei hadde fått oppgjeve han i London som god nordmann, og då utbraut han:
«Æ det ikkje merkeleg, alle folk kjenner meg.»
Heimefrontkarane etablerte seg frå fyrst av på ei hytte på Kroken, eit par kilometer frå Fjalebu. Men i januar 1945 fann dei det tryggast å flytte lenger innover i heia. Resten av krigen heldt dei til på Hovatn.
På Hovatn låg 12 mann, og elles var det vel 10 karar plassert rundt i Vestheiane.
Dei hadde folk som varsla frå alle sider, slik at dei hadde stor sjanse for å vite det lenge før tyskarane nådde Hovatn. Etter at det kom folk frå England som etablerte seg på Hovatn, blei det samband med England to gonger om dagen. Når det gjald våpenslepp over det sørlege Noreg, hadde dei ein spesiell radiosendar slik at flya kunne bruke denne som peilestasjon når dei kom ut av kurs. For heile det sørlege Noreg var Hovatn hovudpeilestasjon for flya.
Olav Asbjørnsen som var kvarterets fyrste sivile kontakt, var med på flyslepp. I Granbudalen, ikkje langt frå Fjalebu, kom siste krigsåret 96 flyslepp. Det kom store mengder med våpen, fyrst og fremst berekna på invasjonsstyrkar ved ein større invasjon på Sørlandet, og såleis hindre tyskarane i å gjere retrett.
Det var få greiner av det illegale arbeidet som var meir spanende enn sleppteneste. Det var for karane rett og slett vedunderleg når fallskjermane kom dalande ned i snøfjellet ei vinternatt. Og det var alltid med stor forventning containerane eller pakken ble opna.
Det var stabasiøse forhold karane levde under, og utan provianten som blei sleppt ned, hadde dei ikkje greidd seg der inne i heia. Ei bitande kald natt kom det fem store fly innover eit av vatna i området og droppa 95 fallskjermer med 10 tonn mat og våpen. Men det blei eit stort vonbrot for karane. Av ein eller annan grunn opna dei fleste fallskjermane seg ikkje og som reine bomber draus dei store containerane ned og gjekk gjennom isen. Enkelte fall på land og blei slått flate. Gevær, handgranater og hermetikboksar flaug rundt i lufta. Det var eit under at ingen av karane blei skadde. Berre ni fallskjermar oppna seg, og det kom vel med. Det blei smalhans ei tid, men dei vona på at det skulle gå betre neste gong.
Men kanskje hadde dei det likevel betre på jolekvelden enn folk nede i bygda.
Harald Sandvik fortel i boka «Krigsminner»:
«Det var ikkje alltid så flust med mat, men julaften ble det disket opp ekstra. Et par mann hadde brukt fem døgn for å hente proiant fra depotene ved Vikseter i Gjøvdal. Og hvem kunne ha noe å innvende til denne menyan:
Ryper med grønne erter, sjokoladepudding og krem, kaffe og julekake som Guro på Fjalebu hadde bakt. Og kjeks som Hans hadde dekorert med Hitler, Mussolini og Quisling. Jo, det var saker.»
Fjalebu blei ein sentral plass for heimefrontfolka. Olav var ein hendig kar og stod ikkje i beit med noko. Karane borte i heia slapp ofte opp for mat, og hjå Olav og Guro var det hjelp å få. Dei var sjølvforsynte med mykje. Då krigen var slutt, fekk Olav som takk for hjelpa eit fint gevær av heimefrontkarane. Det var den gildaste gåva han nokon sinne hadde fått.

Kjelde: Harald Sandvik: «Krigsminner›
(I årsskriftet for 1990 kan ein lese mer om Olav og familien Asbjørnsen-Arneberg).
Gjengitt etter tillatelse fra redaksjonen i «Sjå deg attyvi»

Er det noen som har gode bilder fra Fjalebu, ville vi være takknemlig om vi kunne få bringe disse ut til leserne via birtedalen.info