Vikfjell, 13. juni 2010
Hei!
Rapport frå ein flott. bratt tysdagstur på Vikfjell. Me var 23 personar i kveld. Fylgde fine sleper opp frå Vikbukta med Olav Torgeir og Hildur som kjentfolk.  Det kom 1,1 mm regn, ifylgje Kjell Arne!! Resten av turen vart det strålande solskin. På veg opp gjekk me forbi eit lita steinhytte, eller som Hildur kalla det, eit bikkjehus. Det er ingen som veit historia om det. Det var ein fantastisk utsikt frå toppen som er bare nokre få meter lågare enn Høgenut. Førsvatn såg mest ut som ein fantastisk fjord frå vestlandet herifrå. Ned att gjekk me rett ned til Gausvatn. Det har vore lite vatn der i lang tid og såg mest ut som eit månelandskap. Rart å tenke på at det kan tappasdt heile 39 m ned...
Ned til Homme fylgde me ein bratt fin stig. Det vart observera tysbast på tur ned hera. Denne er svært giftig.
Takkar alle i turfylgje for ein fin tur.
Kom i hug fredagens tur til Øysteinsfjell kl.16.00
Helsing Gunhild

Stranda ved Gausvatn
Slike månelandskap oppstår når det er lov å tappe vatnet ned 39 meter.

Oh Vestland, vestland . . .
. . . som Sissel Kyrkjebø syng. Ho burde ha vært her ho au.

Bikkjehuset på Vikfjell.