Gunhild, Hildur, Børge, Jacob og eg reiste av garde frå Griddalen ca 11.30.
Vi gjekk opp til gråna og fylgde skuterløypa nesten til løypeskiljet ved Mjåvatn, Grøssæ. Vi vurderte om vi skulle på Kviptefjell eller ikkje, det var godt med nysno og vi søkk bra ned. Børge bestemte seg for å gå, då bestemte han igrunn for oss andre og. Når vi kom opp var vi glad for at han hadde bestemt! Slitsamt var det, kva gjer det når det er så moro ned att.
Vi fekk mange fine bilete på netthinna og ved hjelp av kamera kan me syne dykken noen glimt.

Det kan anbefalast og ta ein tur ut. På med kleda og skia og nyt naturen om de har høve til det.

FOTO: GUNHILD MOMRAK OG GRETHE LASSEMOE
Ramslia, var lett match for turlystne toppturister.

Egentlig skal man ha medvind og sola i ryggen. Men det er no gildt å få litt farge i kjakane au.

Slike løyper var alternativet i gamle dager. De er kjempefine å ramle i når utforbakkene er bratte.

Og der sto’n og venta på att vi skulle komme.

Juletrærne står tett i Birtedalen p.t. De har faktisk gjort det lenge, før jul.

12 minusgrader gjorde at det stoppet her.

«- Vi hadde med litt ved kvar og det blei bål. Hildur hadde med mat til alle i tillegg til det vi hadde sjølv, så mette blei vi.
Sjølv om vi hadde bål var det ikkje lenge vi kunne sitje i 12 minus.»

Ja, dett var dett. Nå er det ikke lenge til neste tur.