![]() Ein flott haustdag i 2007 sit eg på toppenb av Bergheia, ved byte mellom Åmli og Fyresdal. Utsikten er heilt fantastisk! Eg ser ned mot Rukkedalen, til Gjevden og rundt Nesvatn. Det er rart å tenke på at det for ein del år tilbake budde folk på alle gardane her oppe. I dag står alle husa tome, dei blir bare bruka som hytter. Mange spørsmål dukkar opp i tankane; Korleis levde dei her oppe? Korleis var det med skolegangen? Kva levde dei av? Korleis kom dei seg fram? Det var dårleg med veiar og bilar . . . Tankane og ideane var på plass for å lage eit lite hefte med gamle historiar frå dette området! Astrid Raudåna Eg er nå ferdig med heftet som heiter «I gamle dage . . .». Dette er gamle historiar og bilete frå området rundt Nesvatn i Fyresdal, Gjevden og Rukkedalen i Gjøvdal. Det meste av stoffet er frå ei stund før 2. verdenskrig og fram til gardane blei fråflytta. Heftet er på 72 sider, og det ligg for salg i banken i Fyresdal og Åmli, og på butikken i Gjøvdal. Til sommaren kan det sjølvsagt og kjøpast på Vindilhytta. Mvh Astrid Raudåna, Vindilhytta Tlf 906 66 430 |
|